Andrea Alvik
Hei, eg heiter Andrea, er 23 år og kjem frå Sogndal. Eg valde å studere interaksjonsdesign fordi eg er interessert i både menneske og design. Eg har alltid vore nysgjerrig på folk, ulike levemåtar og kulturar, og på kvifor menneske gjer som dei gjer.
Etter å ha gått fagskule i visuell kunst, oppdaga eg at eg ønskte ein meir praktisk tilnærming til det kreative. Interaksjonsdesign gav meg moglegheita til å kombinere kreativitet med problemløysing og brukarforståing. Dei tre åra på NTNU i Gjøvik har gitt meg mykje verdifull erfaring gjennom eit breitt spekter av prosjekt. Gjennom studiet har eg arbeidd med innsiktsarbeid, testing og prototyping, og utvikla både fysiske og digitale løysingar.
Utanfor studiet har eg hatt stor glede av studentfrivilligheita, mellom anna gjennom linjeforeininga Darling. Eg har også fått dyrka interessa mi for friluftsliv gjennom skigruppa På Tryne og NTNUI Friluftsliv.
Tusen takk for tre fine år!
IDG 3910 Bacheloropgave BIXD, Vår 2026
- Prosjektpartnere:
- Deborah Anna Ognøy
- Nora Marie Arnestad Enerhaugen
- Marie Løset Lindholm
Bacheloroppgave: Fleksible escape room i matematikk
Bacheloroppgåva vår er utvikla i samarbeid med Vitensenteret Innlandet, der vi utviklar eit konsept for eit fleksibelt Escape Room med fokus på matematikk. Målet med prosjektet er å gjere matematikk meir tilgjengeleg og engasjerande gjennom ei aktiv oppleving basert på samarbeid, problemløysing og nysgjerrigheit. Prosjektet er utvikla slik at oppgåvene kan tilpassast ulike aldersgrupper og nivå. Rommet skal kunne justerast etter kven som besøker vitensenteret, slik at både skuleklassar og fritidsbesøkande får ei oppleving som passar deira ferdigheiter og forkunnskapar. Målet med bacheloroppgåva er å utvikle ei løysing som gjer det enkelt for vitenvertane å omstille escaperommet, slik at det kan brukast effektivt og med lite rigging for å møte dei ulike nivåa.
IDG3002 Tjenestedesign, Vår 2025
- Prosjektpartnere:
- Fredrik Johan Eide
- Sabrina Altahrawi Mona Moe Sognar
Mobilt visninghjem for HELSE INN
Prosjektet tok utgangspunkt i korleis velferdsteknologi kan gjerast meir synleg og forståeleg for innbyggarar gjennom eit mobilt visningsheim. Oppdragsgivaren var HelseINN, ein organisasjon som arbeider med innovasjon og utvikling i helsesektoren. Eit viktig mål for organisasjonen er å inspirere folk til å ta større ansvar for eiga helse og førebyggje utfordringar som kan oppstå med aukande alder. Som utgangspunkt for prosjektet hadde HelseINN utvikla ein prototype av eit mobilt visningsheim i form av ein koffert som inneheld ulike typar velferdsteknologi. Denne prototypen brukte vi som grunnlag, og vidareutvikla konseptet gjennom designarbeidet vårt. I samarbeid med tre medstudentar gjennomførte vi ein designprosess basert på Double Diamond-modellen. I arbeidet kartla vi aktørar, gjennomførte intervju, utvikla personas og arbeidde med metodar som pitching, brukarreise og service blueprint. Prosessen førte fram til eit konsept for eit utlånsbibliotek for velferdsteknologi. Gjennom prosjektet fekk eg ei sterk interesse for tenestedesign, og dette er eit fagfelt eg ønskjer å arbeide vidare med.
Prosjekt under utveksling ved samarbeidsuniversitetet CODE University of Applied Sciences., Høst 2025
Ville Vesten - Roverlandsleir 2026
I det femte semesteret reiste eg på utveksling til Berlin, der eg studerte ved CODE University of Applied Sciences. CODE er eit entreprenøruniversitet som fokuserer på læring gjennom reelle prosjekt og praktisk arbeid. Ved CODE tok eg fag som infografikk, branddesign og animasjon. Desse emna kombinerte eg med eit prosjekt gjennom speidaren. Gjennom kommunikasjonsetaten har eg eit verv knytt til Roverlandsleiren 2026, der eg arbeider med både skriftleg og visuell kommunikasjon i planlegginga og gjennomføringa av leiren. Semesteret vart ei god påminning om kvifor eg valde å bli designar. Med bakgrunn i fagskuleutdanninga mi innan visuell kunst var det inspirerande å arbeide meir praktisk igjen, og vidareutvikle ferdigheiter i verktøy som Adobe Illustrator, After Effects og InDesign. Samstundes fekk eg bruke design til å bidra til ein frivillig organisasjon som har gitt meg mykje.